onsdag 13. oktober 2010

Kommentar til Leksjon 1

Hei alle saman og takk for sist. No er eg endeleg inne på bloggen og dette er nytt medium for meg. Spennande, men også utfordrande å ha fjernstudentar, ser at det krevst høgre presisjonsnivå når ein ikkje har studentane rundt seg her på campus i Volda. Skal forsøke å utvikle nokre rutinar for god oppfølging.
Som de kanskje har sett, la eg inn litt info i Fronter om undervisningsplanlegging, den didaktiske relasjonsmodellen. Dette er det mest vanlege planleggingsverktøyet, og eg reknar faktisk med at mange kjenner til det frå tidlegare utdanning og praksis, men sidan nokre har etterspurt dette får alle ein liten repetisjon.

Når det gjeld  mal på oppgåver i kunst og handverk og vurdering, skal eg legge ut noko i Fronter i løpet av torsdag/fredag. Elles står det fritt til å kontakte meg når som helst. Eg reiser til Istanbul fredag og er attende 26 oktober.  Er litt usikker på nett-tilgangen der eg skal bo, men vil vere inne og sjekke e-post/blog med jamne mellomrom. Lykke til i arbeidet, gler meg til å sjå kva de lagar!

Og eg har fått godkjenning som filtmakar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar